Dette vil me jobbe for
-
Modalen skal vere ein attraktiv stad å bu og drive næring
Konkrete oppgåver:
Gjere det attraktivt for barnefamiliar å busetja seg
Drive ein aktiv bustadpolitikk, gjerne i samarbeid med private aktørar. Vi ynskjer busetjing i heile kommunen.
Leggje til rette for areal for bustader og for bedrifter som ynskjer å etablere seg
Tilby leige av ulike typar bustader – m.a. for ungdom og eldre
Eksisterande næringsliv og nyetableringar skal ha gode muligheiter til å utvikle seg i Modalen, m.a. ved målretta bruk av næringsfondet
Samarbeide med næringslivet om læreplassar, og etablere tettare samarbeid med skule og næringsliv
Gründerar og unge etablerarar skal ha tilbod om plass i kontorfellesskap
Oppretthalde dagens tilskotsordningar for landbruket
Vi ynkjer å leggje til rette for utvikling av vasskraft
I prinsipielle saker, mellom anna i vindkraftsaka, vil vi spørje innbyggjarane om deira meining gjennom ei folkerøysting
Profilera oss som ein kommune i biosfæreområdet
-
Ein god kvardag for alle med varierte tilbod innan kultur, friluftsliv og idrett
Konkrete oppgåver:
Samarbeide med og støtta frivillige lag og organisasjonar
Leggje til rette for nærturar der folk bur – fleire med lyssetting for heilårsbruk
Barn og unge skal ha gode møteplassar inne og ute
Skate- og treningspark – ein møteplass for aktivitet
BUA – frivillighuset der det skal vere mogleg å låne sports- og anna aktivitetsutstyr
Samarbeide med frivilligheita om ein eventyrskog for born
Byggje bruer som bind saman turvegar i samarbeid med grunneigarane
Leggje plan for gang- og sykkelveg mellom Kleivane og Mo
Arbeide med Modalselva som laksevassdrag
-
Modalen kommune skal ha eit godt tenestetilbod
Konkrete oppgåver:
Oppretthalde og vidareutvikle drifta ved Modalstunet
Uteområde på skulen og i barnehagen skal oppgraderast og utviklast
Ei god heimeteneste skal gje folk høve til å bu heime så lenge det let seg gjere
Ha fortsatt god bemanning og kompetanse på skulen, i barnehagen og ved Modalstunet
Sommarjobb og modalsstipend til ungdom
Tilby fleire aktivetstilbod for eldre, både for heimebuande og på institusjon.
-
Trygge vegar og betre kollektivtilbod
Konkrete oppgåver:
Arbeide for rassikring og utbetring av fylkesvegane i og ut av Modalen
Vi skal vere ein open og demokratisk kommune der innbyggjarane opplever å bli lytta til
Bruke ungdomsrådet aktivt i den vidare utviklinga av lokalsamfunnet
Betre kollektivtilbodet i Modalen
Vi skal ha ein beredskap som kan takle krisesituasjonar