Liv-Anne Aanesen

4
  • 50 år

  • Sjølvstendig næringsdrivande mangesyslar, birøktar

  • Hage og fjellentusiast.

Eg flytta til Modalen for 20 år sidan, og eg har blitt glad i både bygda og folket. 

Vi har eit godt og raust samfunn med gode tenesterog framtidstru. Det har med folkelynne å gjere, men òg med styring og prioriteringar. No er det mykje som er i endring i Norge og i verda, og også vi blir omfatta av samfunnsendringar, anten det gjeld energi, landbruk, kunstig intelligens, miljø, migrasjon. 

Eg vil gjerne vere med og utvikle Modalen vidare. Eg trur vi gjer rett i å ta vare på det jordnære og nøysame vestlandske, men vi må ogsåvåge å satse. For meg er særlig bustadpolitikken viktig: det er avgjerande for trivsel å bu godt. 
— Liv-Anne Aanesen

Eg er òg opptatt av å utvikle reiselivet som næring på ein måte som gjer at heile lokalsamfunnet blir styrkt: mellom anna med ei båtrute vi alle kan bruke. 

Vi skal halde på identiteten vår og vere ei bygd det både er godt å bu i og besøke.

Forrige
Forrige

Anne-Britt Almelid

Neste
Neste

Marit Kristin Nygard Nese