Kristin Nåmdal

Ordførarkandidat, Samlingslista 2023-2027

Det er trygt og godt å bu i Modalen. Me har gode tenester til både gamal og ung.
— Kristin Nåmdal

Folk kjenner og bryr seg om kvarandre. Me har eit variert næringsliv og unge bønder tek over gardane i Modalen. Folk har lyst til å flytte til Modalen. Eg vil arbeide for at vi har tomter så folk kan byggje, at det er mogleg å leige hus. Me vil leggje til rette kontorplassar for leige og areal til næringsutvikling.

Gode møtestader innan idrett, friluftsliv eller kultur er avgjerande for at me trivest. Det skal Samlingslista leggje til rette for i samarbeid med frivillige. Me treng ein trygg veg til Nordhordland. Eg vil arbeide for rassikring og utbetring av Modalsvegen til Romarheim.

Modalen skal vere eigen kommune også i framtida, utfordringar kan vi løyse gjennom samarbeid med næringsliv, innbyggjarane, kommunen og Nordhordlandsregionen.

Eg ynskjer å bli ordførar fordi eg er så glad i og stolt av den vakre bygda vår og vil gjerne vere med å utvikle kommunen vidare. Eg har lang erfaring frå Modalspolitikken og utviklingsarbeid i Nordhordland, noko som kan vere nyttig i dette vervet.

Eg håpar eg får din tillit.

Neste
Neste

Kjetil Eikefet