Marit Kristin Nygard Nese

5
  • Lærar ved Mo skule i Modalen

  • 43 år, gift, 3 born

Eg har vakse opp i Modalen, og i vaksen alder flytta heim til kommunen att. Det gjorde eg fordi eg opplever Modalen som ein attraktiv, god og trygg kommune å bu i. Dette ynskjer eg at Modalen skal vere i framtida også, så difor stiller eg til val for samlingslista.

Eg er særs oppteken av gode oppvekstvilkår, der barnehage, skule og fritidsaktivitetar er viktig. Helsetilbodet og eldreomsorgene vår må oppretthaldast og fungera godt for innbyggjarane våre. Folk i alle aldrar skal ha det trygt og trivast i kommunen vår.
— Marit Kristin Nygard Nese

I Modalen er me heldige som har den flotte naturen rundt oss. Eg sjølv er glad i å gå i fjellet til alle årstider, jakte, fiske og sanke frå naturen. Her trur eg me kan leggje endå meir til rette for friluftsliv og reiseliv i framtida.

Eg ynskjer å vere med på å skape god utvikling vidare i kommunen vår. Håpar på di stemme!

Forrige
Forrige

Liv-Anne Aanesen

Neste
Neste

Siren B. Øvre-Helland