Kristoffer Trohaug Våge

7
  • 19 år og lærling

Modalen kommune må bli meir attraktiv for ungdom og unge vaksne å kome tilbake til.

Dette ynskjer eg å jobbe for. Modalen treng fritidstilbod som fengar unge i dag. Eg vil jobbe for at Modalen kommune byggjer ein utandørs aktivitetspark som kan bli eit samlingspunkt for ungdom i Modalen.

Eg ynskjer også å jobbe for etablering av ungdomsbustadar i kommunen slik at ungdom som vil tilbake ikkje blir nøydde til å bu på barnerommet hjå mor og far. Eg vil jobbe for at bedrifter i Modalen blir godkjende lærebedrifter og kan markedsføre seg hjå dei vidaregåande skulane rundt oss.

Det er viktig at ungdomen kan kome tilbake til Modalen og utføre læretida si i heimkommunen. Dette trur eg både kommunen og bedriftene kan nyte godt av.
— Kristoffer Trohaug Våge
Forrige
Forrige

Siren B. Øvre-Helland

Neste
Neste

Jannike Surland Våge