Signe Marie Trohaug Våge

10
  • Gift, 3 barn.

  • Pedagog ved Mo skule.

Det er viktig for meg at Modalen kommune skal ha gode oppvekstvilkår for barn og unge. Det er difor viktig at barnehage og skule har økonomi og bemanning nok til å gje eit godt tilbod til barn og unge i Modalen.

Eit godt og breidt fritidstilbod for barn, ungdom og vaksne er også noko eg brenn for. Eg er glad i å drive revyarbeid og ser det som viktig at Modalen gjev innbyggjarane sine gode kulturelle tilbod. 

Eg ynskjer at ungdom frå Modalen skal ha eit ynskje om å flytte tilbake og busetje seg i Modalen etter endt utdanning. Me må då legge til rette for å ha tilgjengelege bustadar og opparbeiding av nye tomter på Mo og andre stadar i dalen. Det trengs også møtepunkt for unge vaksne i dalen.
— Signe Marie Trohaug Våge
Forrige
Forrige

Martine Kibsgaard

Neste
Neste

Harald Farestveit