Samlingslista
Modalen 2023 - 2027
Samlingslistas kandidatar til kommunevalget 2023 - 2027
Det gode liv i Modalen
Samlingslista er ein engasjert gjeng med ulike folk som har eit stort felles mål – vi vil at Modalen skal vere ein stad der vi alle kan leve gode liv, no og i framtida. Vi er glad i og stolte av Modalen, og vi meiner at bygda vår er tufta på gode verdiar. Desse har vi i sekken når vi skal utvikle lokalsamfunnet vårt vidare.
Ordførarkandidat - Kristin Nåmdal
Det er trygt og godt å bu i Modalen.
Me har gode tenester til både gamal og ung. Folk kjenner og bryr seg om kvarandre. Me har eit variert næringsliv og unge bønder tek over gardane i Modalen. Folk har lyst til å flytte til Modalen.
Eg vil arbeide for at vi har tomter så folk kan byggje, at det er mogleg å leige hus. Me vil leggje til rette kontorplassar for leige og areal til næringsutvikling.
Gode møtestader innan idrett, friluftsliv eller kultur er avgjerande for at me trivest. Det skal Samlingslista leggje til rette for i samarbeid med frivillige. Me treng ein trygg veg til Nordhordland. Eg vil arbeide for rassikring og utbetring av Modalsvegen til Romarheim.
Modalen skal vere eigen kommune også i framtida, utfordringar kan vi løyse gjennom samarbeid med næringsliv, innbyggjarane, kommunen og Nordhordlandsregionen.
Eg ynskjer å bli ordførar fordi eg er så glad i og stolt av den vakre bygda vår og vil gjerne vere med å utvikle kommunen vidare. Eg har lang erfaring frå Modalspolitikken og utviklingsarbeid i Nordhordland, noko som kan vere nyttig i dette vervet.
Eg håpar eg får din tillit.
Dette vil me jobbe for
-
Konkrete oppgåver:
Gjere det attraktivt for barnefamiliar å busetja seg
Drive ein aktiv bustadpolitikk, gjerne i samarbeid med private aktørar. Vi ynskjer busetjing i heile kommunen.
Leggje til rette for areal for bustader og for bedrifter som ynskjer å etablere seg
Tilby leige av ulike typar bustader – m.a. for ungdom og eldre
Eksisterande næringsliv og nyetableringar skal ha gode muligheiter til å utvikle seg i Modalen, m.a. ved målretta bruk av næringsfondet
Samarbeide med næringslivet om læreplassar, og etablere tettare samarbeid med skule og næringsliv
Gründerar og unge etablerarar skal ha tilbod om plass i kontorfellesskap
Oppretthalde dagens tilskotsordningar for landbruket
Vi ynkjer å leggje til rette for utvikling av vasskraft
I prinsipielle saker, mellom anna i vindkraftsaka, vil vi spørje innbyggjarane om deira meining gjennom ei folkerøysting
Profilera oss som ein kommune i biosfæreområdet
-
Konkrete oppgåver:
Samarbeide med og støtta frivillige lag og organisasjonar
Leggje til rette for nærturar der folk bur – fleire med lyssetting for heilårsbruk
Barn og unge skal ha gode møteplassar inne og ute
Skate- og treningspark – ein møteplass for aktivitet
BUA – frivillighuset der det skal vere mogleg å låne sports- og anna aktivitetsutstyr
Samarbeide med frivilligheita om ein eventyrskog for born
Byggje bruer som bind saman turvegar i samarbeid med grunneigarane
Leggje plan for gang- og sykkelveg mellom Kleivane og Mo
Arbeide med Modalselva som laksevassdrag
-
Oppretthalde og vidareutvikle drifta ved Modalstunet
Uteområde på skulen og i barnehagen skal oppgraderast og utviklast
Ei god heimeteneste skal gje folk høve til å bu heime så lenge det let seg gjere
Ha fortsatt god bemanning og kompetanse på skulen, i barnehagen og ved Modalstunet
Sommarjobb og modalsstipend til ungdom
Tilby fleire aktivetstilbod for eldre, både for heimebuande og på institusjon.
-
Arbeide for rassikring og utbetring av fylkesvegane i og ut av Modalen
Vi skal vere ein open og demokratisk kommune der innbyggjarane opplever å bli lytta til
Bruke ungdomsrådet aktivt i den vidare utviklinga av lokalsamfunnet
Betre kollektivtilbodet i Modalen
Vi skal ha ein beredskap som kan takle krisesituasjonar