Dette vil me jobbe for

  • Modalen skal vere ein attraktiv stad å bu og drive næring

    Konkrete oppgåver:

    • Gjere det attraktivt for barnefamiliar å busetja seg

    • Drive ein aktiv bustadpolitikk, gjerne i samarbeid med private aktørar. Vi ynskjer busetjing i heile kommunen.

    • Leggje til rette for areal for bustader og for bedrifter som ynskjer å etablere seg

    • Tilby leige av ulike typar bustader – m.a. for ungdom og eldre

    • Eksisterande næringsliv og nyetableringar skal ha gode muligheiter til å utvikle seg i Modalen, m.a. ved målretta bruk av næringsfondet

    • Samarbeide med næringslivet om læreplassar, og etablere tettare samarbeid med skule og næringsliv

    • Gründerar og unge etablerarar skal ha tilbod om plass i kontorfellesskap

    • Oppretthalde dagens tilskotsordningar for landbruket

    • Vi ynkjer å leggje til rette for utvikling av vasskraft

    • I prinsipielle saker, mellom anna i vindkraftsaka, vil vi spørje innbyggjarane om deira meining gjennom ei folkerøysting

    • Profilera oss som ein kommune i biosfæreområdet

  • Ein god kvardag for alle med varierte tilbod innan kultur, friluftsliv og idrett

    Konkrete oppgåver:

    • Samarbeide med og støtta frivillige lag og organisasjonar

    • Leggje til rette for nærturar der folk bur – fleire med lyssetting for heilårsbruk

    • Barn og unge skal ha gode møteplassar inne og ute

    • Skate- og treningspark – ein møteplass for aktivitet

    • BUA – frivillighuset der det skal vere mogleg å låne sports- og anna aktivitetsutstyr

    • Samarbeide med frivilligheita om ein eventyrskog for born

    • Byggje bruer som bind saman turvegar i samarbeid med grunneigarane

    • Leggje plan for gang- og sykkelveg mellom Kleivane og Mo

    • Arbeide med Modalselva som laksevassdrag

  • Modalen kommune skal ha eit godt tenestetilbod

    Konkrete oppgåver:

    • Oppretthalde og vidareutvikle drifta ved Modalstunet

    • Uteområde på skulen og i barnehagen skal oppgraderast og utviklast

    • Ei god heimeteneste skal gje folk høve til å bu heime så lenge det let seg gjere

    • Ha fortsatt god bemanning og kompetanse på skulen, i barnehagen og ved Modalstunet

    • Sommarjobb og modalsstipend til ungdom

    • Tilby fleire aktivetstilbod for eldre, både for heimebuande og på institusjon.

  • Trygge vegar og betre kollektivtilbod

    Konkrete oppgåver:

    • Arbeide for rassikring og utbetring av fylkesvegane i og ut av Modalen

    • Vi skal vere ein open og demokratisk kommune der innbyggjarane opplever å bli lytta til

    • Bruke ungdomsrådet aktivt i den vidare utviklinga av lokalsamfunnet

    • Betre kollektivtilbodet i Modalen

    • Vi skal ha ein beredskap som kan takle krisesituasjonar