Debatten om ulikskap mellom listene

Innlegg frå ordførarkandidaten til Samlingslista, Kristin Nåmdal.

Også publisert på Facebook.

Av Kristin Nåmdal:

Det har blitt ein debatt om ulikskap mellom Samlingslista og Solrenningslista. Dette er bra og det skaper engasjement. Denne problemstillinga kjem opp kvart val då vi ikkje har partilister.

Når du stemmer på eit parti veit du litt om ideologien og kva partiet står for nasjonalt.

I Modalen har det til no vore vanskeleg å stille med fleire partilister fordi vi er for få innbyggjarar. Dette kan endre seg, men i dette valet stemmer me på bygdelister.

På Debatten i NRK hadde dei fokus på dette og nokre innbyggjarar ser ikkje skilnaden mellom listene våre.

Eg har som ordførarkandidat for Samlingslista behov for å peike på tema knytt til saka.

Modalen er ikkje i ein situasjon der vi må vurdere å legge ned skuler og barnehagar. I denne perioden er det heller ikkje nye store byggeprosjekt som er på planlagt. Vi gjorde eit løft med Flodmaal etter år med planlegging.

Nå er kommunen og servicehuset blitt den møteplassen både næringsliv og innbyggjarane håpa på.

Men utfordringar har me, folketalet går ned.

Sentralisering skjer over heile landet. Folk pendlar inn til Modalen framfor å busetje seg her. Modalen må vere ein attraktiv stad å bu og arbeide i. Korleis kan vi arbeide saman for å få fleire til å velje den flotte bygda vår?

I denne valperioden er det mindre tiltak, vedlikehald og løysingar som krev andre måter å arbeide på som er viktige for Samlingslista.

Ungdomsrådet peiker på at ungdommar treng ein plass å prøvebu, leigemarknaden er liten. Me har knapt tomter å byggje hus på. Eldrerådet seier det er behov for lettstelte leilegheiter, bustaden dei set med passer betre til ein barnefamilie.

Bustadutvikling er ei satsing for Samlingslista. Næring treng og areal. Me har ei prisvinnande IKT bedrift og ein dyktig entreprenørnæring med spisskompetanse innan sand og vasskraft. Alle treng arbeidskraft. Me må få til eit betre samarbeid med mellom anna fadder og lærlingordning i bedriftene, for å vise kva som er av arbeidsplassar i Modalen.

Vindkraft

Vindkraft er ei krevjande sak. Det som gjer det vanskeleg er at vi har ikkje eit konkret framlegg å ta stilling til.

I min periode har det vore ei orientering i kommunestyre og der var det vanskeleg å få svar på spørsmål som kvar skal vegane gå, kor mange vindmøller er det planlagt å byggje, og i kva område og ikkje minst kva som ligg igjen i lokalsamfunnet etter ei utbygging.

Samlingslista går til val på ei rådgjevande folkeavstemming om saka.

Før ei slik folkeavstemming må saka vere godt opplyst. Det betyr ikkje at me seier ja til konsekvensutgreiing etter Energilova, men me vil ha meir fakta på bordet.

Møteplassar og fritidstilbod

Møteplassar og fritidstilbod betyr noko for trivsel. Torsdag var eg med på ALLEMED møte. Her møtes lag og ungdomsråd og andre som driv med frivilligheit.

Tema var korleis skal me får til eit kultur og idrettsliv der alle kan delta. Det var eit godt møte, ungdomsrådet sine representantar imponerte med sitt engasjementet.

Samlingslista vil prioritere å arbeide for at me får til BUA i Modalen. BUA er ein stad der alle kan låne sportsutstyr gratis, det kan og utviklast til å vere ei stad der du kan få hjelp til små reparasjonar og anna.

Les meir om BUA her.

Gode høve til å bruke nærmiljøet til aktivitet og tur krev tilrettelegging. Sherpasti til dagsturhytta er eit tiltak som me vil prioritere vidare.

Vår jobb framover

Alle saker kan ikkje løyast på lokalt nivå i Modalen. Trygge veger, vidaregåande skular, og kollektivtilbod er det Vestland fylkeskommune som har ansvar for.

Det er kamp om ressursane og vår moglegheit er å påverke. Det er ordføraren sin jobb.

Her vil eg følgje opp det gode arbeidet ordførar Kjetil Eikefet har gjort, nå til sist har vi fått ny asfalt. Dette kjem ikkje av seg sjølv. Det krev møter og tett oppfølging med Vestland fylkeskommune.

Samlingslista har eit program med heilt konkrete saker me ynskjer å arbeide med. Trykk og les programmet.

Modalen er ein liten kommune. Me som stiller til val har fleire ulike roller i bygda. Nærleiken og det at politikarane er tett på veljarar har både negative og positive sider.

Det er kort veg til ordføraren sitt kontor og me som set i kommunestyre møter veljarane våre i ulike samanhengar kvar dag. Det siste kan vere krevjande i vanskelege saker.

Kommunepolitikk er viktig. Det handlar om at me har det bra der me bur, om å gje og ta og prioritere. Me må samarbeide og framsnakke kvarandre skal me få til ei positiv utvikling i bygda.

Eg har stor tru på Modalen og at me som bur her skal få dette til.

Forrige
Forrige

Valkafè i Flodmaal

Neste
Neste

Til dei røysteføre og alle andre i Modalen kommune – om å være ærleg